Main

onsdag 22. juni 2011

Video: Kvanndalen landskapsvernområde



Eg har laga ein liten film om Kvanndalen landskapsvernområde.

Målsettinga har vore å gi ein kort, men presis omtale av område, og moglegheitene for gode opplevingar. Filmen er tenkt (og publisert) som ei innleiing til ein lengre artikkelserie om dette 84 km2 fjellområde på Miljøstatus i Suldal. Eg har nytta ei blanding av stillbilde, film og ein liten sekvens timelapse. For første gong har eg brukt 16:9 formatet, også på stillbilda.

Heilt sidan tida med lysbilde har eg vore fascinert over denne måten å presentera bilde på. Frå den gong med to lysbildefremvisarar til dagens moglegheiter er eit kvantesprang! Men like fullt utfordrande.

Mvh Jarle Lunde, SuldalFoto.no

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar